Nynorsk:Furmeet

Fra WikiFur
Gå til: navigasjon, søk

Furmeet, ogso kalla pelsmøte og rufsetreff, er ei samlling av furryer som treff kvarandre i røyndommen. Desse møti vert ofte planlagt, men det finst au meir spontane pelsmøte. Talet på deltakarar på eit møte varierer mykje. Det største pelsmøtet i Noreg hadde 13 deltakarar (innflytningslaget til Tellos i 2009 og CabinCon i 2008), medan det i andre land kan koma langt fleire. Når deltakartalet byrjar å nærma seg 100 deltakarar byrjar det å verta ein convention.

Kven som helst kan skipa eit møte, og det kan vera kvar som helst. Eit pelsmøte er i fyrste rekkje for å samla kjende og ukjende rufsar for å hava ei triveleg tid i saman og knytta nye venskapsband.

Kva ein gjer[rediger]

På eit møte kan det hende mykje, frå hopping frå vindaugo til fest, men det vanlegaste er:

  • Eting (alt frå heimelaga til restaurant)
  • Sjå på film (heime eller på kino)
  • Titta i butikkar
  • Spela spel og leikor
  • Teikning og onnor form for kreativitet

Pelsmøte kan ogso vera i dyreparkar og fornøyelsesparkar.