Nynorsk:Regandor

Fra WikiFur
Gå til: navigasjon, søk
Fursonaen til Regandor
Fursonaen til Regandor og Fang Teikna av Eldiman

Regandor (Fødd 1987) er ein norsk teiknar og fursuitar som bur i Noreg. Han er veldig glad i å laga mat, sjå på anime, og å spela over nettet og videospel.

Den trulova til Regandor er Fangz, og båe er aktive i det norske furrysamfunnet.

Fursona[rediger]

Fursonaen til Regandor er ein raccat eller catcoon, eit hybrid mellom katt og vaskebjørn[1] Når han slåst bruker han oftast eit sverd i kvar hand. Han har evna til å frøysa vatn rundt sverda sine og leia det. Kan kan også skapa is av berre luft.

Soge[rediger]

Regandor fann ut om furryfandommen i 2006, men hadde teikna og sett på furryting i mange år før det.

Den fyrste furryconventionen han var på var Confuzzled (20.-23. juni, 2008) i Manchester i England. Den andre conventionen han var på var Eurofurence 14 27.-31. august i 2008 i Suhl i Tyskland, og den tridje var Eurofurence 15 frå 26.-30. august i 2009. Han har planar om å fara på Eurofurence 16 i 2010 om han kan.

Fursuitar[rediger]

Fursuiten til Regandor er ein gul og oransje catcoon. Han har au laga ein delvis tigerfursuit, og ein delvis ulv/katt-fursuit.

I helga før Eurofurence 14 laga Regandor og Fangz seg delvisfursuitar dei kunne bruka på conventionen. Dei brukte litt under ein dag på å laga to fursuithovud, eitt sett potar og ein hale.

Referansar[rediger]

  1. Profilen til RegandorLiveJournal. Henta 4. Januar, 2008

Eksterne lenkjer[rediger]

Puzzlepiece32.png Denne stuben om en fur kan utvides.