Nynorsk:Fursona
Ein fursona er eit ord samansett av omgrepa furspeech furry og person og viser til figuren eller identiteten til ein person som er bunde til furry fandom.
Mange fursonaer byggjer på dyreartar som katter og ulvar, men dei er ikkje avgrensa til dyreartar som dette. Det kan ogso femne om skapnader som aliens, englar, demonar, vampyrar og mytologiske vesen. (Ein populær avleggjar av mytologiske skapnader er å hava ein seksbeint Taur-basert fursona.) Hybrid er ogso populære. Dette er fursonaer samansett av fleire ulike skapnader, til dømes blanding av katt og ulv. Sume gjev desse skapnadene namn samansett av namnet på dyra, til dømes kan ei blanding av drake og gaupe verta kalla drynx, etter dragon og lynx.
Fursonaer er ein integrert del av furry fandom. Mange har ein fursona, og etterspurnaden etter skisser av fursonaen deira er ein drivkreft innan furrykunstmarknaden. Dei gjev eit nesten uavgrensa utval av figurar for kunstnarar å teikna.